Arrangement

Gratis familieforestilling: Er heime der du bur?

Arrangeres av:

Jakupscena ønskjer velkomen til ei gratis barneforestilling for heile familien! Ta med deg tante, onkel, bestemor, bestefar, ein venn og naboen, og kom. Forestillinga varer om lag 30 min.

Laurdag 14. november kl. 13, Steinfjoset i Lom.

Alle treng ein plass å kalle heim. Ein bygning eller stad å reise heim til kvar dag; trygg, utrygg, liten, stor -den ser ulik ut rundt om i verda. Nokon må reise eller flykte frå heimen sin. Somme lengtar heim. Andre er usikre på kor heimen er, kanskje har dei fleire, eller ingen. Ylva er ei jente som oppdagar at heime kanskje ikkje er det ho har trudd heile sitt korte liv, for er heimen hennes kanskje ikkje eit hus likevel? Ho legg ut på ei reise for å finne ut av dette og møter fleire dyr og menneske som alle har ulike svar. Med musikk henta frå hallingdalstradisjonen, nyskreve manus av Sigmund Løvåsen og folkedanssteg som gir liv til ulike dyr og menneske, blir borna tatt med på Ylva si reise på søken etter kva heime eigentleg er.

Margit Myhr og Silje Risdal Liahagen har begge arbeidd med teater, folkedans og -song i over femten år i ulike konstellasjonar og samarbeid og har lang erfaring med å kombinere forteljarkunsten med den tradisjonelle musikken og dansen. Dei har på kvar sin kant laga seg innhaldsrike karrierer som formidlarar av folkemusikk, folkedans og teater i ulike sjangrar.

Silje Risdal Liahagen – forteljing, song og dans

Margit Myhr – forteljing, song og dans

Manus: Sigmund Løvåsen

Ytre auge: Maria Drangeid

Plakatdesign: Vera Sonne

Foto: Thor Hauknes

Forestillinga er ein samproduksjon mellom Liahagen & Myhr, Riksscenen og Sprang, og er produsert med støtte frå Kulturtanken og FFUK.

Kategori
Experience

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

November 14, 2026

12:00 — 12:30

Praktisk informasjon

Sted:Steinfjoset
Adresse:Bergomsvegen 33, 2686 Fossbergom, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart