Klubben i Lom er ein møteplass for ungdom frå 8.klasse og ut vidaregåande skule. Lokalet er i 2. etasje i Drengjestugu (same bygg som friviljugsentralen).
Det er eit gratis lågterskeltilbod med fokus på å tilby ungdomane aktivitetar med trygge rammer og tilgjengelege vaksenpersoner. Alle arrangement er rusfrie.
Klubben har fokus på å gje ungdommen tillitt til å oppføre seg bra mot kvarandre, og ta vare på inventar og utstyr i lokalet på ein god måte.