Lom spel- og dansarlag er ei frivillig forening med godt over 100 medlemmer i alle aldrar. Vi jobbar for folkemusikk- og folkedanstradisjonane i bygda gjennom opplæring, formidling, kurs, konsertar og sosiale arrangement. Vi er organisert gjennom Gudbrandsdal folkemusikklag og FolkOrg.
Her er noko av aktiviteten vi driv med i spel- og dansarlaget i Lom:
- Spelmannslag for ungdom/vaksne
- Juniorspelmannslag for born/ungdom
- Hallingdansgruppe for born/ungdom
- Songgruppe for born/ungdom
- Dansekveldar/dansekurs for alle aldre
- Hardingfelespelemannslag for ungdom/vaksne
- Miljøkveldar
- Konsertar
- Kurs for unge og vaksne
- Deltaking på kappleikar og festivalar, nasjonalt og regionalt
- Dansespelingar
Nokre år har vi også vore ansvarlege for store folkemusikk- og folekdansarrangement:
2023 - Landskappleiken i Lom
2015 - Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Lom
1954 - Lanskappleiken i Lom
I 2025 vart Lom utnemnd til "Årets lokallag" i FolkOrg!