Arrangement

Bokbad med StrikkeTerje og Siv Romsdal

Arrangeres av:
Medarrangør

To strikkarar. To nye bøker. Ein skikkeleg triveleg kveld!

Hausten 2025 gav både Siv Romsdal og Strikke-Terje (Terje Telle) ut kvar si strikkebok, og no kjem dei til Lom på bokbad!

Siv står bak boka Sápmi strikk 2, medan Terje har gjeve ut Varme og fargerike votter på tjukke pinner.

Det blir ein uformell og lun bokprat om inspirasjon, strikkelykke og bokdraumar.

Denne kvelden blir du betre kjent med Siv Romsdal, hennar samiske bakgrunn og sterke strikketradisjonar, og med StrikkeTerje, ein vaskeekte romsdaling frå Rauma kommune, med eit brennande hjarta for vottar, fargar og tjukke pinnar. Du får høyre om strikkereisa deira, korleis dei vart kjende, og korleis strikk har vorte til ein livsstil.

Velkomen til ein varm, fargerik og triveleg kveld!

Boksamtala varar kring ein time og 15 minutt, og er krydra med bilete frå båe sitt strikkeliv.

Forfattarane har med seg bøker for sal og signering.

Arrangementet er i regi av Lom husflidslag og Lom folkebibliotek.

Billettar: 100 kr. Gratis for medlemmar av Lom husflidslag.

Kategori
Learn

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

November 9, 2026

18:00 — 19:15

Praktisk informasjon

Sted:Lom folkebibliotek
Adresse:Bergomsvegen 29, 2686 Lom
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.