Lom, Skjåk og Vågå kommune inviterer til uformelle og sosiale gravidtreff ein gong i månaden. Treffstad og innhald vil variere frå gong til gong, og samlingane vil gå på rundgang mellom dei tre kommunane.
Første gravidtreff blir tysdag 13. oktober kl. 14.00–16.00 på Lom folkebibliotek.
Denne gongen kjem fysioterapeut Jorunn Sperstad Fjeld og held eit kort innlegg om bekkenleddssmerter under graviditeten. Det blir også enkel servering og god tid til å møtast og prate.
Arrangementet er eit samarbeid mellom helsestasjonane i Lom, Skjåk og Vågå.
Tid: Tysdag 13. oktober kl. 14.00–16.00
Stad: Lom folkebibliotek
Velkomen til ei triveleg stund i lag!