Trolla som kom til Lom
Det starta i Lom. Hausten 2024 kjempa elevar, foreldre og eit helt lokalsamfunn mot nedlegging av den vidaregåande skulen. På same tid dukka det opp ei Facebook-gruppe som på kort tid fekk fleire tusen medlemmar.
Men kven var eigentleg menneska bak gruppa? Kvifor slutta dei plutseleg å diskutere skule? Og kvar kom dei pro-russiske profilane frå?
Onsdag 28. oktober kjem journalistane Svenn Arne Lie i Gudbrandsdølen Dagningen og Silje Førsund i Faktisk.no til Lom. I foredraget tek dei oss med bak kulissene i arbeidet med podkasten «Hvem trollet Innlandet?». Dei fortel om jakta på falske profilar, nordmenn som kjøper og sel Facebook-grupper, pengar og politikk.
Lom folkebibliotek og kommunikasjonsavdelinga i kommunen står for arrangementet.
Gratis inngang.