FINNASUS GRENDAFESTIVAL 2026
Skårvangen og skogbygda grendahus / Finndalen
22.–23. august
Velkomen til ei innhaldsrik og triveleg festivalhelg for heile familien! Programmet er førebels og ytterlegare informasjon kjem etter kvart.
PROGRAM
Laurdag 22. august
Kl. 10.30 – Barneaktivitetar
Kl. 12.00 – Opningsseremoni
Kl. 12.30–16.00 – Fotballturnering
Kl. 19.00 – Intimkonsert med Lina Haug Randen
Sundag 23. august – i Finndalen
Kl. 11.00 – Mat og kaffeservering
Kl. 12.00 – Auksjon
Kl. 13.00 – Det store andesleppet 2026!
FOTBALLTURNERING:
Finn saman med andre som vil delta på årets artigaste fotballturnering og meld på lag. Informasjon om påmelding kjem.
KONSERT:
I år er me heldige og får ein intimkonsert med Lina Haug Randen laurdag kveld på grendahuset. Dette blir ei unik konsertoppleving i stemningsfulle omgjevnader – ein kveld du ikkje vil gå glipp av! I år vert det salg av billettar på førehand.
Konsertbilletter:
200 kr per pers og kan kjøpast på vipps: 572305, Merk med "konsert Finnasus"
AUKSJON:
I år planlegg me å arrangere auksjon under andesleppet i Finndalen sundag 23. august. For å kunne planlegge auksjonen best mogleg ynskjer grendalaget ei tilbakemelding frå alle som vurderer å bidra med varer. På dette tidspunktet treng me ikkje informasjon om kva som skal levereast eller kor mange gjenstander det gjeld – me ynskjer kun å vite om du har tenkt å levere noko til auksjonen. Gje beskjed på tlf 90109326 / e-post: spakrud@online.no. Nærmere informasjon om innlevering av varer kjem seinare.
ANDESLEPPET:
Andesleppet blir eit spanande høgdepunkt der 1 000 nummererte badeender blir sleppte i elva, og dei raskaste endene premierte med flotte gevinstar - Gåveliste og info om kjøp av andedelar kjem.
Ta med familie, vener og naboar til ei helg fylt med aktivitetar, fellesskap, musikk og gode opplevingar. Me gler oss spesielt til å samlast til ei aktiv og stemningsfull helg!
Del gjerne arrangementet og inviter dei du vil ha med på årets grendafestival!
#FinnasusGrendafestival #LinaHaugRanden #Andeslepp #Finndalen #Grendafest #Lokalglede